Seksjon Surnadal har ledig ei 100% fast stilling med oppstart frå 01.09.24.
Helse Møre og Romsdal HF, Seksjon Surnadal består i dag av 2 heildøgns ambulansar med 16 fulltidstilsette. Vi har fokus på fagleg utvikling og best mogleg pasientbehandling. Seksjon Surnadal søker etter fagleg engasjert og ansvarsbevisst paramedisiner/ambulansearbeidar som har evnen til å inspirere og motivere andre til å yte betre i kvardagen.
Om du har pågangsmot, liker nye utfordringar og føler denne stillinga kan vere noko for deg, oppfordrar vi deg til å søke.
Ved intern omrokkering kan stillingsprosent ved annan seksjon bli tilbudt. Det må også påreknast arbeid ved andre stasjonar.
Arbeidsoppgåver
- Samhandle med interne og eksterne aktører i den akuttmedisinske kjeden etter oppdrag fra AMK
- Samarbeide i team og samarbeidsetatar
- Delta på undervisning og sertifiseringar
- Vedlikehald av faglege delegeringar som ligg til stillinga
- Interne arbeidsoppgåver på bil og stasjon
- Utøve sitt arbeid i tråd med lover, forskrifter, prosedyrer og internt reglement som er gjeldande for Helseforetaket
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som Paramedisiner/ Ambulansearbeidar
- Inneha farmakologistudie tilsvarande 5 stp. på høgskulenivå
- Bestått utrykningskurs og innehar kompetansebevis for kode 160
- Gyldig Politiattest etter lov om helsepersonell §20a før tilsetting
- Vere psykisk og fysisk egna for stillinga
- Kandidaten må bestå fysisk test før tilsetting
- Førerkort klasse C1, eller villig til å tilegne seg dette før tilsetting
- Delta og bestå sertifisering trinn 2 etter program i kompetanseplanen for ambulansetjenesten i Midt-Norge
- Bestått AMLS/PHTLS etter program i kompetanseplanen for ambulansetjenesten i Midt-Norge
- Vere villig til å videreutdanne seg til Paramedisiner etter ei evt. tilsetting
Personlege eigenskapar
- Du kommuniserer tydeleg og respektfullt med pasientar og kollegaer
- Du har gode prioriteringsevner i nødsituasjoner
- Du er motivert, fleksibel og tilpasningsdyktig
- Du er omsorgsfull og tålmodig med pasientar og kollegaer
- Du har gode datakunnskapar
- Du har gode samarbeidsevner og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Du har gode fremstillingsevner i norsk både skriftleg og munnleg
Ved vurdering av den best kvalifiserte, vert det vektlagt utdanning, erfaring og personleg eignaheit, samt motivasjon for stillinga.
Vi tilbyr
- Ein utfordrande arbeidskvardag
- Eit godt arbeidsmiljø
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Lønn i henholdt til gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning med fordelaktige forsikringsvilkår
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.
Kontaktinformasjon
Jonny Moen, Seksjonsleiar, Jonny.Moen@helse-mr.no
Arbeidsstad
Moavegen 27
6650 Surnadal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 4810764705
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.05.2024